Grunnsteinsnedleggelse på campus Haugesund
Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland legg ned grunnsteinen til nybygget på campus Haugesund, Høgskulen på Vestlandet. Foto: Terje Rudi, HVL
Forsking- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland har lagt ned grunnsteinen til nybygget på campus Haugesund, Høgskulen på Vestlandet (HVL).
– Det er flott at Haugesund no får ein splitter ny campus med flotte og moderne lokale. Ei god studietid blir endå betre med ein samlingsstad for alt ein gjer i studietida. Eg gler meg til å sjå det ferdige bygget neste år, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Statsbygg starta bygginga i januar i år, og 16. mai markerte vi at grunnsteinen vart lagd ned. Prosjekteigar Kjersti Sandvik er svært nøgd med den raske framdrifta.
– Så langt har vi rydda tomta og flytta Haugesunds eldste hus – eit heilt lite tun – ut til Vibransøy, og er ferdige med både byggegrop og kjellar, fortel ho.
Campus står ferdig i 2027
Nybygget skal stå klart til studiestart i august 2026. Det inneheld mellom anna ein ny simulator for sjukepleiarstudentane, eit oppgradert maritimt simulatorsenter, moderne undervisnings- og seminarrom, fleire arbeidsplassar, auditorium og fellesareal.
I tillegg startar ombygginga av eit eksisterande bygg på 1000 kvadratmeter i 2026, som ferdigstilles i 2027. Dette vil mellom anna innehalde ein ny studentbar med inngang mot Rådhusplassen.
– Bygget er etterlengta og vil utan tvil spele ei viktig rolle både for studentane våre, for fagmiljøa våre, men òg for samfunns- og arbeidslivet i regionen, fortel rektor Gunnar Yttri ved HVL.
Grunnsteinsskrinet
Statsbygg har alltid ei høgtideleg markering når grunnsteinen blir lagd ned ved bygging av nye bygg. I dag er ikkje grunnsteinen ein stein, men eit skrin som fungerer som ei tidskapsel. I skrinet har HVL valt å leggje strategien sin, universitetsøknaden deira og ein resolusjon frå Studenttinget, samt ein stilpassar og eit sjøkart.