Lyser ut 5,1 millionar i tilskot tilkompetanse og arbeidskraft i distrikta
KOMPETANSE: Tilskotet som no blir lyst ut skal bidra til betre samsvar mellom tilbod og etterspurnad når det gjeld utdanning og kompetanse i fylket. (Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)
Midlane vert lyste ut i ei ny ordning: Forprosjekt – Nye utdanningstilbod.
Det er høgare utdanningsinstitusjonar, inkludert høgare yrkesfagleg utdanning, som kan søkje om inntil 400 000 kr kvar til å utvikle nye utdanningstilbod som er særleg relevante for arbeidslivet i Vestland.
Vil sikre samsvar mellom tilbod og etterspurnad
– Med dette vil vi styrke innsatsen for få til eit godt samsvar mellom tilbod og etterspurnad når det gjeld utdanning og kompetanse. Vi vil leggje til rette for desentraliserte tilbod og kvalifisere fleire til utdanning og arbeid. Målet vårt er at desse prosjekta skal danne grunnlag for nye utdanningstilbod i Vestland, eller kvalifisere prosjekt frå Vestland til å nå opp i nasjonale utlysingar knytt til utvikling av nye tilbod, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet vedtok innretning på tilskotsordninga i møtet 5. juni. Utdanningsinstitusjonane i Kompetanseforum Vestland har i forkant fått høve til å kome med innspel til utlysinga. Det er løpande søknadsfrist for tilskotsordninga, og søknadar blir behandla så lenge det er att midlar i ordninga.
Lyser ut gjennom FORREGION Vestland
Midlane skal lysast ut gjennom FORREGION Vestland - kompetanse. FORREGION VESTLAND er ei allereie etablert ordning, der det i dag blant anna blir lyst ut midlar til forprosjekt for forsking og utvikling (FoU).
– Vi har god erfaring med å jobbe fram gode prosjekt gjennom verkemidla vi har i FORREGION. Difor ønskjer vi å bruke same modell for å styrke det kompetansepolitiske arbeidet i fylkeskommunen og lyser såleis ut midlane til nye utdanningstilbod på same vis, seier Askeland.
Vestland fylkeskommune har inngått ein samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet om FORREGION Vestland – kompetanse.