Statsbygg opnar gateutstilling med cowboy-fotografiar
OLD MAN COWBOY Ryttaren er kunstnaren sjølv iført ei maske, som får henne til å sjå ut som ein eldre mann.
Lei av trauste byggegjerde? No kan du sjå fire fotografi av Vibeke Tandberg når du går forbi byggeplassen til det nye Regjeringskvartalet.
I forbindelse med arbeidet med det nye Regjeringskvartalet har Statsbygg kjøpt fleire bygningar i Møllergata i Oslo sentrum.
– Møllergata er prega av bygging. No vil vi gi deg som går forbi ei kunstoppleving i kvardagen, seier administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg.
Dei fire fotografia av Vibeke Tandberg er frå serien Old Man Cowboy. Ryttaren er kunstnaren sjølv iført ei maske, som får henne til å sjå ut som ein eldre mann.
Gateutstillinga opnar torsdag 1. februar kl. 15.30. Fotografia av Tandberg skal henge i vindauga på Møllergata 13b fram til sommaren.
Dei fire fotografia i Møllergata er ein del av eit større kunstprosjekt, og etter opninga vil det bli ei kunstvandring til andre aktuelle Vibeke Tandberg-utstillingar i Oslo sentrum.
Tandberg er tidlegare innkjøpt av Nasjonalmuseet, og er til våren òg aktuell med romanen Hestedagboken.
Opning med kunstvandring
🕓 Kl. 15.30: Opning av utstillinga i Møllergata 13b ved Statsbyggs administrerande direktør, Harald V. Nikolaisen. Vibeke Tandberg fortel om prosjektet.
🐴 Kl. 16.00: Turen går vidare til Kunstsonen i Øvre Slottsgate og Tandbergs utstilling Hestebarrikaden, som består av fem hestehovud i betong. Formidlingsansvarleg i Norsk Bilethoggarforeining, Emma Lomell, og professor Heidi Mork Lomell ved UiO fortel om utstillinga.
🚊 Kl. 16.45: Turen går vidare med trikk 12 eller 19 frå Prinsens gate til Niels Juels gate eller Solli plass. Her går vi til OSL contemporary i Haxthausens gate 3 og utstillinga Yippiee-ki-yay! Narratives Beyond grasp or control, som viser ein installasjon med gipsavstøypingar av ein utstoppet hest og fem fotografi frå serien Old Man Cowboy.
👩🎨 Kl. 17.00: Utstillinga blir vist med etterfølgande kunstnarsamtale mellom Vibeke Tandberg og redaktør Øyvind Ellees i Forlaget Oktober om utstillinga og hennar kommande roman Hestedagboken.