AMBASSADØR Hiroshi Kawamura gler seg over keisartreets «hanami» (blomstring).
I 64 år stod det japanske kirsebærtreet i regjeringskvartalet i Oslo. No står treet på Sylling prestegard i Lier, og den japanske ambassadøren kunne sjå at keisargåva blomstrar i ny jord og i nye omgivnader.
Treet var ei gåve frå keisar Hirohito til den norske staten i 1957 og blei planta i regjeringskvartalet, eit kvartal som den gongen hadde eit nytt bygg under oppføring: Høgblokka.
For å få oppleve keisartreets «hanami» (blomstring) besøkte den japanske ambassadøren Hiroshi Kawamura og ein japansk delegasjon Sylling prestegard nyleg.
– Treet er gammalt, og det er flott å sjå at det framleis har kraft til å blomstre, sa ambassadør Kawamura:
– Kirsebærtreet er eit symbol på vennskapen mellom Japan og Noreg, og vi er takksame for forsøka med å vareta treet sin ve og vel.
Flytta frå regjeringskvartalet
Etter terrorbomba i 2011 gjenreiser Statsbygg no regjeringskvartalet. I den forbindelse blei det fort klart at det gamle kirsebæret ikkje kunne stå inne på byggeplassen.
Det måtte flyttast, og etter ein tur på lastebilen blei keisargåva mellombels planta på nytt i vakre omgivnader på Sylling prestegard. Intensjonen er at det skal tilbake til regjeringskvartalet når det nye kvartalet står klart.
Treet har ei spesiell historie. Utanriksminister Halvard Lange var i Tokyo i februar i 1957 og underteikna ein ny handels- og sjøfartstraktat med Japan. Då var Lange i audiens hos keisar Hirohito og fekk med seg ei gåve heim: eit japansk kirsebærtre.
Treet fekk plass i regjeringskvartalet. Etter 64 år i Oslo blei treet varsamt teke opp, plassert på ein lastebil og frakta til nytt tilhaldsstad.
– Vi var oppteken av få med så mykje av rotsystemet som mogleg, slik at det hadde større sjanse til å overleve flyttinga. Det er på langt nær opplagt at det fungerer å plante eit gamalt tre på nytt, fortel prosjektleiar Fridtjof Myhrene i Agaia.
Blir passa ekstra godt på
Agaia er engasjert i regjeringskvartalprosjektet gjennom entreprisen selskapet har med Statsbygg for byrom- og utomhusarbeidene.
– Treet ser friskt ut etter flyttinga og har no blomstra to gongar. Vi kjem likevel ikkje unna at det vil vere risiko å flytte eit så gammalt tre enda ein gong, når tida kjem til at det skal tilbake til Oslo, fortel Myhrene:
– Uansett har vi eit stort ønske om at vi skal lykkast å ta vare på keisargåva. Derfor har eg teke med treet heim og planta det i god jord og gode omgivnader. På den måten kan eg passe ekstra godt på det og stelle det etter beste evne, seier Myhrene, som har forpakta Sylling prestegard i 22 år.