140 år gamle steinkvelvsbruer i Geiranger blir forsterka
Bilde: Holebrua med buss
Møre og Romsdal fylkeskommune skal forsterke tre steinkvelvsbruer på fv. 63 i Geiranger. Bruene er frå 1880 og er dei eldste bruene med biltrafikk i Møre og Romsdal. Fristen for å levere tilbod er 17. juni.
– Det er ein spesiell jobb. Desse bruene representerer ein viktig del av veghistoria vår og vart bygd lenge før den første bilen kom til Noreg. Vi skal ta vare på handverket og historia samtidig som vi forsterkar dei for framtida, seier byggeleiar Lasse Neslein i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Graving for hand
Forsterkinga av Gjerdebrua og Holebrua inneber mellom anna graving med handmakt slik at steinkvelvet ikkje blir skada. Desse bruene skal forsterkast frå innsida med betong for å tole trafikken i framtida. Bruene har ei bruplate i betong ved sida av steinkvelva. Dei skal skiftast ut med nye, prefabrikkerte bruplater i betong.
Kopebrua er i betre stand enn dei to andre. På denne brua skal det støypast ny kantdragar med nytt rekkverk.
Hindrar ikkje turisttrafikken
Forsterkinga startar med Holebrua hausten 2022, når det er mindre trafikk. Brua skal vere ferdig til den vinterstengte vegen mellom Geiranger og Langvatn opnar i mai 2023.
Arbeidet med Gjerde- og Kopebrua kan tidlegast starte 1. september 2023 og må være ferdig til Geiranger-Langvatn blir opna etter vinteren i 2024.
Fristen for å levere tilbod er 17. juni. Det er tilbydaren som fyller alle krav i kontrakten og har lågast pris som får oppdraget.