onsdag, februar 01, 2023
 



La ned grunnsteinen for Blått bygg



OVERLEVERING Kjersti Sandvik i Statsbygg gav det blå grunnsteinsskrinet til statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i Kunnskapsdepartementet, som så grov det ned.

FOTO: NORD UNIVERSITET

Blått møtte kvitt då statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i eit vinterleg Bodø la ned grunnsteinen til nybygget ved Nord universitet.

– Satsinga på helse og blå vekst i nord er viktig, ikkje berre for Nord universitet, men óg for regionen og for Noreg. Bygget skal gi betre plass slik at Nord universitet kan utdanne fleire kandidatar til havbruksnæringa og helsefag. Det skal gjere det mogleg å styrke forskingsarbeidet slik at vi får betre svar på problema vi slit med i dag, sa statssekretær Oddmund Løkensgard  Hoel i Kunnskapsdepartementet under markeringa onsdag 14. desember.
 
Statsbygg starta bygginga av det nye laboratoriebygget på Mørkved utanfor Bodø sentrum i vår.
 
– No står vi her i byggegropa, delar av råbygget er allereie på plass og i løpet av nokre månader vil bygget reise seg. Det er tydeleg at bygget er sterk etterlengta, og vi opplever at både universitetet og totalentreprenøren HENT jobbar på høggir saman med oss for å få eit topp resultat, sa Kjersti Sandvik i Statsbygg i talen sin.

Todelt prosjekt
 
Byggeprosjektet ved Campus Bodø skal etter planen stå ferdig i 2025, og er totalt på 10.080 kvm.
 
Dette omfattar det nye laboratoriebygget Blått bygg på 8400 kvm, som skal huse fakultet for biovitskap og akvakultur, og ombygging av eksisterande areal på 1680 kvm for fakultet for sjukepleie og helsevitskap.
 
Bakgrunnen for byggeprosjektet er at lokala ved Nord universitet i dag ikkje er store nok. Dei er heller ikkje tilpassa krav til funksjonalitet og standard for å kunne drive undervisning og forsking på høgt internasjonalt nivå.
 
Statsbygg lyste ut konkurransen for totalentreprise med løysingsforslag i mai 2020. I april 2021 vann HENT konkurransen med eit løysingsforslag teikna av Arkitema.

 




blattByggGrunnsten1.jpg

Staten sparer milliardar i kontorleige

Statsbygg er rådgivar for statlege verksemder når dei skal forhandle kontorlokale med private utleigarar. I reforhandlingane blir det lagt vekt på ... les mer

362 millionar kroner til utbygging av breiband i heile Noreg

Kommunal- og distriktsdepartementet har fordelt 362 millionar kroner til utbygging av breiband i heile Noreg.

... les mer


Enighet om Hovedbygningen ved NTNU

I reguleringsarbeidet for NTNU Campussamling meldte Riksantikvaren i oktober innsigelse til forslaget til utforming av Hovedbygningen på ... les mer

La ned grunnsteinen for Blått bygg

Blått møtte kvitt då statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i eit vinterleg Bodø la ned grunnsteinen til nybygget ved Nord universitet.

... les mer


Ny undersøking av Statsbygg sitt omdømme

Statsbygg har ein solid posisjon i byggenæringa, slår ei ny omdømmeundersøking fast.

... les mer
Storslagen kunst i A-blokken

Når A-blokken i det nye regjeringskvartalet står ferdig i 2025 vil du bli møtt av noe helt spesielt i inngangspartiet: Et 50 meter høyt kunstverk, ... les mer


Snart frist for storkontrakt for Norsk havteknologisenter

Byggingen av Norsk havteknologisenter er i full gang, og i løpet av vinteren vil Statsbygg inngå kontrakt med entreprenør til byggingen av det ... les mer

Ny utgåve av Åpent Rom

Det tok 60 år, men no har den sørsamiske befolkninga endeleg fått det museet og kultursenteret dei trong. Siste utgåve av Statsbygg-magasinet Åpent ... les mer


Ocean Space Centre får nytt navn

Ocean Space Centre endrer navn og blir Norsk havteknologisenter, eller The Norwegian Ocean Technology Centre på engelsk.

... les mer
Klart for bygging av det nye Vikingtidsmuseet

Statsbygg har signert kontrakt med AF Gruppen for grunnarbeida til det nye Vikingtidsmuseet på Bygdøy i Oslo. Kontrakten har ein verdi på om lag ... les mer


Statsbygg kjøper bustadprosjekt på Svalbard

Det er stort behov for nye bustadar i Longyearbyen. No kjøper Statsbygg ein planlagt blokk med 27 leilegheiter, som skal stå ferdig våren 2024.

... les mer
Skifer og stein får nytt liv i Nydalen

Miljøtiltak i praksis: Materialar som Statsbygg fekk til overs i arbeidet med det nye regjeringskvartalet, er no brukt på nytt i ein ny ... les mer





Statsbyggs prosjekter videreføres
Får ikke bukt med mangelfulle byggesøknader

Veidekke: Starter bygging av hovedkontor i Oslo
La ned grunnstein for Helgasetr

Ambisiøse energimål i Statsbygg
Rapport: Statens lokale 2021

Veidekke: Etablerer selskap for sirkulære løsni...
OBOS og Hafslund Ny Energi starter nytt solener...

Veidekke: Leverer råbygg til HENT i Stavanger
Galopperende kostnadsutvikling bekymrer

Kartlegger mangfoldet i eiendomsbransjen
Bærekraft må stå i første rekke

Norconsulter realiserte småbrukdrømmen
Tysk steinpris til Nasjonalmuseet

Statsbygg avslutter kontrakt
Lokale entreprenører bygger Oslo Space Centre

Minnestedet på Utøykaia åpnet
I rute på Ila fengsel

 
 
 
 

 Fylketbygges.no, Vikebuktvegen 17, 6392 Vikebukt
Org.nr. NO 898072622 MVA, Tlf.: 466 13 489
E-postadresse: frisvoll@gmail.com
Ansvarlig redaktør: Odd Einar Frisvoll
 
 
(C) Fylket bygges
123 movies