Ny undersøking av Statsbygg sitt omdømme

Created 1 years 128 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 205

Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

Statsbygg har ein solid posisjon i byggenæringa, slår ei ny omdømmeundersøking fast.

– Det er viktig å måle jamleg kva samarbeidspartnarane våre i næringa tenker om å jobbe med oss. Her får vi nyttig informasjon, som vi kan bruke i arbeidet med å forbetre oss. Samtidig får vi slått fast at posisjonen vår i næringa er solid. Posisjonen kan vi bruke for å påverke og utvikle næringa, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg.
 
Denne hausten er det gjennomført ei omdømmeundersøking blant Statsbyggs største og viktigaste leverandørar. Hovudbildet i undersøkinga er at leverandørane ser på Statsbygg som ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar.
 
Undersøkinga blei utført som anonyme djupneintervju av utvalde kontaktpersonar hos entreprenørar, rådgivarar og leverandørar for drift og vedlikehald, med ei god spreiing i både fagområde og geografi.

«Det eg er mest stolt over, er å få vere med på eit så samfunnsnyttig prosjekt. Det er berikande og nyttig … eg er stolt av å få representere Statsbygg»

FRÅ INTERVJU I UNDERSØKINGA

I intervjua fekk Statsbygg mange positive og konstruktive tilbakemeldingar frå leverandørar, både generelt og på spesifikke, strategisk viktige område.
 
Det er òg interessant at svært mange av tilbakemeldingane på både sterke sider og sider med forbetringspotensial, speglar funn i Statsbyggs eigne kundeundersøkingar og medarbeidarundersøkingar, påpeikar Hege Njaa Aschim.
 
Undersøkinga blei planlagt og gjennomført av Rambøll Management Consulting på vegner av Statsbygg. Funna er samla, analysert og strukturert i ein rapport som inneheld hovudfunn frå undersøkinga generelt.

 



Statsbygg-omdømme.jpg