Ny utgåve av Åpent Rom

Created 1 years 133 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 233

Det tok 60 år, men no har den sørsamiske befolkninga endeleg fått det museet og kultursenteret dei trong. Siste utgåve av Statsbygg-magasinet Åpent rom viser fram nybygget Saemien Sijte i Snåsa.

Museet er første og einaste bygg for formidling av sørsamisk kultur. Her kan ein både sjå tradisjonelle bruksgjenstandar, klede og kunsthandverk og dessutan lære besøkande korleis dei er laga. Sjølve bygningen, teikna av Fur arkitektar i Trondheim, er inspirert av sørsamisk byggeskikk.
 
Samisk kunst er like mangfaldig som anna kunst. Noko har tydelege røter i samisk kultur og daglegliv, medan anna kunst har ei meir modernistisk retning. I Åpent rom kan du lese om både tradisjonell og moderne samisk kunst.
 
I Åpent rom samlar vi historiene våre om dei store prosjekta, dei små detaljane, trendar i byggebransjen og menneska bak dei. Best av alt – det er gratis! Om du vil ha det tilsendt i papirutgåve, send ein e-post med namn og adresse til postmottak@statsbygg.no.
 
I den nye utgåva får du òg ein sniktitt inn i Gamlehaugen i Bergen, som er under restaurering. Huset skal førast tilbake til slik det såg ut den gongen Christian Michelsen budde her i byrjinga av 1900-talet. No er både parken, fasaden og mykje innvendig sett i stand. Etter planen skal alt vere klart til jubileumsåret 2025. Då er det 100 år sidan Gamlehaugen blei kongebustad på Vestlandet, 120 år sidan unionsoppløysinga og 125 år sidan bygningen stod ferdig.
 
Noregs ambassade i Mexico City er òg nyrenovert og er blitt ein attraksjon i byen. Luksusbustadane i Victoria terrasse i Oslo blei oppført i 1885 for å fjerne slumstrøket «Røverstaden», slik at slottet kunne få finare naboar. By-reparatøren Gudmund Stokke fortel om bakgrunnen sin, korleis han blei interessert i byplanlegging og arkitektur, og korleis det har påverka planane for det nye regjeringskvartalet.
 
Alt dette, og mykje meir, finn du i Statsbyggs reportasjemagasin, Åpent rom!
 
Åpent rom tek med dette nummeret ein pause i utgivingane, og vil takke alle lesarane sine for følget så langt.

 



Åpent-Rom.jpg