Rapport: Statens lokale 2021

Created 1 years 194 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 248

SV-bygget ved Universitetet i Stavanger er eit av dei mange bygga staten leigar av Statsbygg.

Staten bruker i snitt 28 kvm kontorareal per tilsett, til ein snittpris på 2 269 kroner per kvm, dvs. 94 074 kroner per årsverk. Det viser rapporten «Statens lokale 2021» som er utarbeidd av Statsbygg.

Databasen Statens lokale gir ei unik oversikt over lokala staten leiger og eig. Av dei nesten 17 milliardane staten bruker på lokale, blir det kvart år leigd lokale for over 7 milliardar kroner i den private marknaden. Frå Statsbygg leiger staten lokale for 5,4 milliardar.
 
– Arbeidsplassane og lokala dei er i, er avgjerande for at innbyggarane skal møte gode offentlege tenester, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik:
 
– Det er brukarane sine behov som skal definere kvar det offentlege er lokalisert. Derfor er staten til stades i heile landet, og er ein viktig arbeidsgivar i mange kommunar. Rapporten «Statens lokale 2021» viser at staten leiger lokale i nesten alle kommunane i landet.
 
Flest tilsette er det i Politi- og lensmannsetaten, som òg har dei høgaste kostnadene, men mest areal er det NTNU som bruker. For areal per tilsett og kostnad per årsverk er det Riksmeklaren som er på topp, mens kostnad per kvadratmeter blir toppa av Datatilsynet.
 
Oslo er den kommunen med mest statleg areal, flest tilsette og dei høgaste leigeutgiftene, mens kostnaden per kvadratmeter er høgast i Bodø og per årsverk i Kristiansund.

 



Statsbygg-leiekostnader-202.jpg