I rute på Ila fengsel

Created 1 years 312 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 414


- OPEN Hovudbygget er ein av bygningane som bli rehabilitert.

Porten er open og dørene ulåst. Med dei innsette mellombels flytta til Ullersmo er Statsbygg godt i gang med rehabiliteringa ved Ila fengsel og forvaringsanstalt.

– Det er ei omfattande og krevjande oppgåve å tømme fengselet slik at vi kan komme til, men det var heilt nødvendig. Desse bygningane ved Ila var i svært dårleg forfatning, seier prosjektleiar Tor Sommerstad i Statsbygg.
 
Han påpeikar at dei fleste av oppgraderingane som blir gjort er av typen ein ikkje vil kunne sjå, men som ligg skjult i veggar, golv og tak.
 
– Så sjølv om dette på overflata står fram som ei nøktern rehabilitering vil forholda her bli langt betre etter at vi er ferdige, seier han.
 
Det er gått eit år sidan bussane gjekk frå Ila til Ullersmo og Statsbygg sette i gang med rehabiliteringa av delar av bygningsmassen, nærare bestemt Hovudbygget, Sydblokka og Annekset. No er oppgraderinga av ventilasjonssystem, elektriske anlegg og røyrsystem godt i gang. Det blir installert toalett på alle celler, alle celledørene skiftes ut, overflater målast og enkelte stadar blir det gjort mindre innvendige ombyggingar for å få utnytta areala betre.
9360 glasruter skifta ut
 
I Hovudbygget rehabiliterast alle vindauga. Det vil seie at alle glasa i vindauga må kittast om. Hovudbygget har 260 vindauge, som i sin tur består av 36 små glasruter. Til saman blir det då 9360 glasruter som må takast ut og inn i rammeverket igjen.
 
Hovudbygget på Ila hadde opphavleg naturleg ventilasjon, men etter fleire pålegg frå brannvesenet har den naturlege ventilasjonen blitt tetta. Det tekniske anlegget har delvis hatt komponentar frå då bygget stod ferdig i 1939.
 
– Inneklimaet vil framover bli noko heilt anna. Tidlegare har det kunna bli veldig varmt på cellene fordi dei ikkje har hatt solskjerming, men no vil cellene som resten av fengselet vere eigna for langsiktig fengselsdrift, seier Sommerstad.
 
Statsbygg gjennomfører prosjektet på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Håndverkskompaniet AS er totalentreprenør. Ila fengsel skal vere klar for fengselsdrift 1.mai 2023. Kostnadsramma er på 371,5 millionar kroner.
 
I tillegg til den tekniske rehabiliteringa blir det på oppdrag for Kriminalomsorgsdirektoratet òg bygd ein ny mindre celleavdeling på baksida av dagens hovudbygning med seks celler for psykisk sjuke innsette. Sjølv om avdelinga blir bygd med krava til eit fengsel, skal han i mindre grad blir opplevd som eit. Nybygget skal stå ferdig samtidig med dei andre arbeida på Ila.

Ila fengsel og forvaringsanstalt

- Blei oppført som eit kvinnefengsel i Bærum kommune. Bygginga starta i 1938.

- Okkupasjonsmakta tok i bruk fengselet som interneringsleir for norske offiserar.

- Frå juni 1941 blei det som ble bygd som fengsel, til krigsfangeleiren Grini. Grini fangeleir var den største leiren for politiske fangar i Noreg under 2. verdskrig.

- Ila fengsel og forvaringsanstalt har i dag 124 plassar fordelt på 12 avdelingar og 230 tilsette.

 



Ila-fengsel.jpg