Slik skal Vestland bli det leiande verdiskapingsfylket

Created 2 years 114 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryVESTLAND
Views: 231


KONKRETISERER MÅLA: Handlingsprogrammet konkretiserer måla i den regionale planen for innovasjon og næringsutvikling. Det skal forplikte ulike aktørar i fylket til felles innsats for å nå måla i planen. Illustrasjonsfoto frå Florø: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune.

Slik skal Vestland bli det leiande verdiskapingsfylket

Korleis skal vi jobbe for å nå måla i den regionale planen for innovasjon og næringsutvikling? Fylkestinget har vedtatt eit handlingsprogram som gir svar på dette for dei neste fire åra.
I juni vedtok fylkestinget ein regional plan for innovasjon og næringsutvikling. Planen med namnet «Berekraftig verdiskaping - regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033», peikar ut retninga for arbeidet med næringsutvikling og verdiskaping i Vestland dei komande tolv åra. Ambisjonane i planen er store og hovudmålet er at Vestland skal vere det leiande verdiskapingsfylket basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.

Planen peikar på fire satsingar som er bransjenøytrale og som gjeld for alle næringane:
• Grøn næringsutvikling
• Areal til næringsutvikling
• Kompetanseutvikling i arbeidslivet
• Innovative og inkluderande samfunn

– Eit viktig verktøy
Handlingsprogrammet konkretiserer måla i «Berekraftig verdiskaping». Det skal forplikte ulike aktørar i fylket til felles innsats for å nå måla i planen.
- Handlingsprogrammet fungerer som eit vegkart. Det viser oss eit tydelegare bilete av utfordringane som ligg føre oss og fortel meir konkret om kva som må gjerast og kven som må gjere det. Det er eit viktig verktøy som vil vere med på å sikre at vi alle saman dreg i same retning, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Samarbeid er nøkkelen
Planen skal vere med å styrke Vestland som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv. Eit viktig grunnlag for utviklinga er kunnskapen og erfaringane som over lang tid er bygd opp i eksisterande næringsliv. Prosjektet Grøn region Vestland har gitt verdifull kunnskap om potensialet for grøn omstilling i dei ulike regionane i fylket.

- Vi må ta vare på det vi er gode på i dag, legge grunnlag for ny innovasjon på tvers av verdikjeder og gripe nye moglegheiter. Både fylkeskommunen, næringslivet og samarbeidspartane våre i kommunane og resten av verkemiddelapparatet må bidra. Eit godt samarbeid er nøkkelen for å lukkast, seier Askeland.

Det vil også bli utarbeida meir konkrete årsplanar for å sikre at vi har ressursar og verkemiddel til å gjennomføre strategiane i handlingsprogrammet. Kopling til økonomi og budsjett i fylkeskommune vil også skje i desse årsplanane.

Hastar å kome i gang med grøn næringsutvikling
Handlingsprogrammet peikar på fleire viktige oppdrag det er kritisk å kome i gang med. Det viser mellom anna at det er størst potensiale for grøn omstilling gjennom å utvikle heilskaplege prosjekt og utnytte samspel i industrielle hubar. Det blir også viktig å sikre posisjonen som den globalt leiande havregionen, eit arbeid som mellom anna er i gang gjennom prosjektet Havbyen Bergen.

Dekarbonisering av industri og oppskalering av grøne verdikjeder vil krevje stor overføringskapasitet på kraftnettet. For å lukkast med dette treng vi ein plan for å bygge ut den naudsynte nettkapasiteten, både på kort og lang sikt. Her har statlege mynder ein heilt avgjerande rolle.

Det er også viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet og matjorda. Vi må nytte naturressursane våre på ein måte som legg grunnlag for eit berekraftig og innovativt næringsliv i heile fylket.

Kompetanse for framtida
Det grøne skiftet vil utløyse ei rekke nye kompetansebehov i privat og offentleg sektor. Ei viktig oppgåve blir å kartlegge og koordinere kompetansebehova og bruke dette som grunnlag for å dimensjonere framtidige utdanningstilbod. Dette inneber mellom anna å vidareutvikle ein modell som kan kartlegge kvar einskild kommune sine kompetansebehov på både kort og lang sikt.

I framtida vil endringar i kompetansebehova skje raskare enn nokon gong før. Eit sentralt aspekt i kompetansearbeidet vil derfor vere å teste ut ulike løysingar for desentralisert og fleksibel utdanning på alle nivå. Det må leggast til rette for at folk kan tileigne seg ny kunnskap og kompetanse gjennom heile livet, og det må kunne gjerast der folk bur til dagleg. Her må fylkeskommunen, utdanningsinstitusjonane, kommunane og partane i arbeidslivet samarbeide for å finne gode løysingar.

Må kartlegge behov for næringsareal
For å møte arealbehovet i framtida er det naudsynt å kartlegge næringslivet sitt behov for areal både på land og i sjø. Eit bidrag kan vere ei felles digital løysing som til ei kvar tid gir oversikt over tilgjengeleg areal i fylket. Dette kan vere krevjande å få på plass, men vil vere til stor hjelp for både kommunar og næringsaktørar. Det blir også viktig å arbeide med å synleggjere potensiale for berekraftige løysingar i allereie eksisterande næringsareal. Dette vil mellom anna handle om å sjå på moglegheitene for attvinning og betre utnytting av eksisterande naturressursar og nye samarbeid mellom ulike industriaktørar.

Ikkje minst er det eit heilt sentralt aspekt i arbeidet med areal er at ny utbygging skal skje på ein skånsam måte som tek i vare naturressursane, biologisk mangfald og dyrka jord.

Fylkeskommunen tek leiaransvaret
Den regionale planen, handlingsprogrammet og dei komande årsplanane er alle saman laga for heile fylket. Fylkeskommunen har leia planarbeidet og har ansvaret for å koordinere arbeidet for å gjennomføre planen.

Heilt frå oppstarten av arbeidet med den regionale planen har det vore ei omfattande involvering frå mange ulike aktørar i fylket. Arbeidet med handlingsprogrammet har vore forankra i eksisterande samarbeidsforum der representantar for næringsliv og kommunar deltar. Næringsforum Vestland har fungert som styringsgruppe.
 



Vestland-fylkeskommune.jpg