11 millionar i ekstraløyving til næringshage og inkubasjonsprogram

Created 3 years 3 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 281

PANDEMIRAMMA BEDRIFTER: Dei 11,4 millionane som fylkeskommunen overfører til Siva, skal bidra til å hjelpe bedrifter som er ramma av pandemien med kompetanse, nettverk og andre vekstfremjande tiltak (Illustrasjonsfoto: Jo Bergersen/Vestland fylkeskommune).

Av Anbjørn Holme

Hovudutval for næring har vedtatt å gi ekstraløyving til Siva sitt næringshage- og inkubasjonsprogram i møte med pandemien.

- Formålet med løyvinga er å støtte Siva sitt arbeid knytt til næringsutvikling og nyskaping i fylket. Siva skal gjennom sitt oppdrag støtte opp om utviklingsplanen og regional plan for innovasjon og næring og om fylkeskommunen sin visjon om å vere nyskapande og berekraftig, seier Sigrid Brattabø Handegard, fungerande leiar i hovudutval for næring.

Statleg føretak
Siva (Selskapet for industrivekst) er eit statleg føretak som utviklar, eig og finansierar ein nasjonal infrastruktur for innovasjon og næringsutvikling. Denne infrastrukturen består av inkubatorar, næringshagar, katapult-senter, innovasjonsselskap, samt innovasjonssenter og industribygg.

Dei 11,4 millionane som fylkeskommunen overfører til Siva, skal bidra til å hjelpe bedrifter som er ramma av pandemien med kompetanse, nettverk og andre vekstfremjande tiltak.

Stortingsvedtak
Løyvinga er i si heilheit finansiert av ei overføring frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Bakgrunnen for ekstraoverføringa er at Stortinget i februar vedtok å auke ramma for mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling med til saman 76 millionar kroner til fylka.

Fylkeskommunen ber Siva fordele ekstraløyvinga etter behovet frå næringshagane og inkubasjonsselskapa som får støtte.
 



Pressemelding-Vestland-fylk.jpg