Forskjeringa til vintertunnel til Geiranger er lyst ut

Created 5 years 172 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryMØRE OG ROMSDAL categoryNORDMØRE categoryROMSDAL categorySUNNMØRE
Views: 480

Frå tilbodsbefaringa

Statens vegvesen har på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune bedt om tilbod på førebuande arbeider for tunnel på fylkesveg 63 mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Norddal kommune. [14.11.2018]

Frist for å levere tilbod er 29. november. Konkurransen kan avlysast viss fylkestinget ikkje vedtek finansiering av prosjektet.

Forskjeringane er førebuande arbeid for ein tryggare veg til Geiranger. Arbeidet består i å fjerne massar og sprenge fjell ved tunnelinnslaga.

Fylkesveg 63 er einaste tilkomstveg til Geiranger om vinteren, og er ofte stengt på grunn av snøskred eller fare for snøskred. Det er planlagt ein 4,8 kilometer lang tunnel som vil gjere denne strekninga trygg. 

Tunnelen er det høgast prioriterte skredsikringsprosjektet på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Arbeidet med tunnelen er planlagt hausten 2019, med ferdigstilling hausten 2022.



Vintertunnel Geiranger.jpg