fredag, mars 29, 2024

Prosjekt

Minimize



Bøgardsbakken


Byggmester Stølsvik bygger tre terrasseleiligheiter i Bøgardsbakken i Førde som er innflytningsklare i april/mai.

Bøgardsbakken ligg i midten av Bøgardsvegen på Ytre Hafstad, og har flott utsikt mot Førde sentrum. Her finn du alt du treng i nærområdet, som leikeplass, offentlege og private barnehagar, barne- og ungdomsskule, ballbinge, badekulp og fine turområder. 

Leilegheitene er sjølveigande og blir bygd som terrassebygg der kvar leilegheit dekkjer ein etasje. Husværa har tilkomst i frå trapp på venstre side av bygget med kvar sin parkeringsplass og sportsbod i underetasjen. Kvar leilegheit har 3 soverom, der hovudsoverommet har tilkomst ut til kvar sin store terrasse som varierar i frå 50-74 m2. Kvart husvære har eigen garasje i kjellar samt sportsbod.

Alle leilegheitene er over 100 m2 BRA og inneheld; 3 soverom, bod, bad, vaskerom, entre, gang og stove og kjøkken. Alle tre leilegheitene har vassboren golvvarme i stove, kjøkken gang og bad. Golvvarmen blir regulert av romtermostatar og har kvar sin varmtvatns tank. Den øverste leiligheita har moglegheit for plen på oppsida, som er sørvendt.

Leilegheitene blir ferdigstilt før dei blir lagt ut for sal. Alle leilegheitene har gode kvalitetar som kvitbeisa eikeparkett i alle tørre rom utanom vindfang, som får laminat med flismønster. Flislagt golv på bad og vaskerom. Glatte veggar av spon, strie og maling i entre og stove og kjøkken med ein delikat tapet på ein vegg i stova. Leilegheitene blir levert med LED- downlights i entre, bad, og stove og kjøkken. I entrè blir der skyvedørsgarderove der du får skjult både kle og sko. Kjøkkenet blir levert av Sigdal av typen Faz, med kvite frontar og avrunda endar på alle frontane. Eit moderne kjøkken til flotte leilegheiter som må opplevast.

Vi gratulerer med nye leiligheiter i  Bøgardsbakken og takker for oppdraget!

Klikk på modulane under og les meir om de som har vore engasjert i prosjektet:

















 Fylketbygges.no, Vikebuktvegen 17, 6392 Vikebukt
Org.nr. NO 898072622 MVA, Tlf.: 466 13 489
E-postadresse: frisvoll@gmail.com
Ansvarlig redaktør: Odd Einar Frisvoll
 
 
(C) Fylket bygges
123movies